Dette er tida då det er viktigare enn nokon gong å ha fleire tankar i hovudet på same tid. Ti punkt i uprioritert rekkefølgje:
1) Det kjem mange menneske i naud til vår verdsdel, og vi bør avgjort hjelpe dei som verkeleg treng det. 2) Menneske frå andre land og kulturar, som vil bu i Noreg, må finne seg i å assimilerast i rimeleg grad. Dei må lære seg norsk og respektere demokrati, menneskerettar, trus- og ytringsfridom og likeverd mellom kjønna; dei må ta høgde for at migrasjon også inneber vilje til omstilling, og at Noreg er eit sekulært demokrati, der det beste religionane kan gjera er å stimulere til fred, gjensidig respekt og toleranse, utfrå tanken om at ein er menneske først, dernest (evt.) ein truande. 3) Islam, eller iallfall delar av islam, har vore i endring i mange tiår, på godt og vondt. Dei som vedkjenner seg til islam - ikkje minst dei som bur i den vestlege verda - har eit særleg ansvar for at utøvinga av denne religionen utviklar seg på ein måte som lèt seg sameine med verdiane i punkt 2 ovanfor. 4) Når andre seier, skriv eller teiknar noko som kan verke krenkjande på oss, er det faktisk ein dyd å halde det ut; å ha litt sjølvironi og ikkje ta seg sjølv alt for høgtideleg. Førestillinga om at ein kan leva utan å bli "krenka", er ei villfaring - eit pussig kjenneteikn ved vår tid som vi bør sjå grundig på, anten det gjeld religionsutøving eller andre ting. 5) Massemordarar må no som før fangast og stillast til ansvar, og terrornettverk må rullast opp og eliminerast. 6) Livet har aldri vore trygt, og kjem aldri til å bli det. Vi kan døy kva tid som helst, på kjøkkenet eller på gata. Vi kjem alle i kontakt med frykt i løpet av livet. Frykt er til for å møtast, med indre styrke. Frykt gir oss eit høve til å vekse som menneske, når vi berre veit korleis vi skal møte frykta. 7) Ein stor del av dei problem vi møter i vår tid, med massearbeidsløyse, desillusjon, manglande livsmeining osv., må sjåast i samanheng med den politikk som har vore førd i vestlege land sidan Margaret Thatcher. Politikarar i vestlege land, og store økonomiske aktørar, må ta sin del av ansvaret for dette. Dei må også ta ansvaret for å gjera noko med det. 8) Alt påverkar alt. Eit døme: Vårt forhold til Russland kan ikkje sjåast lausrive frå trusselen frå valdelege islamistar - særleg tydeleg i desse dagar. Politisk handling og retorikk må ta omsyn til dette, og utøvast med klokskap, måtehald, rettferd og ekte vilje til det gode. 9) Vi er inne i ei tid med polarisering. Massedrapa i Paris har som siktemål å framprovosere auka motstand og hat mot muslimske minoritetar. Men dei "brune" og dei islamistiske terroristane er to sider av same sak. Dei er eit tospann som dreg i same retning, og trekkjer ei blodvogn etter seg. Det verste vi kan gjera, i ein slik situasjon, er å la oss polarisere sjølve. 10) Viktigare enn nokon gong er det å utgjera "limet i midten". Eit samfunn basert på demokrati, menneskerettar, trus- og ytringsfridom og likeverd mellom kjønna er sårbart; det byggjer på tillit, ikkje på frykt. Og endå er dette det einaste som er verdt å byggje på. Vi må våge å leva sårbare. Å våge å vera sårbar, er å vera sant menneske.
3 Comments
Ellen Stråtveit
11/18/2015 02:06:23 pm
Tankevekkende nå om dagen med alle de "gale" kommentarene rundt omkring. Godt skrevet1
Reply
Stein Versto
11/19/2015 11:54:42 am
Takk for det. Ja, det er viktig å halde hovudet kaldt og hjarta varmt, i desse dagar.
Reply
3/3/2021 10:29:02 pm
Slik ser en ordentlig blogg ut. Fin inspirasjon!
Reply
Leave a Reply. |
Details
Forfattaren
Forfattar og folkemusikar. Ordinert lærar og tradisjonsberar innan uavhengig, økumenisk-katolsk spiritualitet. Kan kontaktast via [email protected] Arkiv
April 2020
Emne |