Handlar kristendomen primært om å sikre seg ein plass i himmelen når livet er over? Er kristendomen med andre ord ein religion primært for døden, og ikkje for livet – med dogmatisme, livsfornekting og fordømande moralisme som resultat? Er det dette som er “vår” religion? Mange menneske i vår tid anar, opplever og leitar etter ein djupare samanheng i tilværet. Mange er djupt overtydde om at der er noko i oss som er av evig natur, og kunne kanskje også tenkje seg å utforske dette temaet. For oss som er oppvaksne i ein vestleg kultur, står den kristne tradisjonen der – med jol og påske, stavkyrkjene og katedralane, biletkunsten, musikken, mariablomane og olavskjeldene; vi lever med denne tradisjonens uttrykk tett på oss, og endå er det slik at mange av oss ikkje ser den kristne tradisjonen som relevant i arbeidet med dei store spørsmåla. Kan det tenkjast at vi burde sjå etter ein gong til? Finst det ein levande visdom om mennesket, i kjernen av tradisjonen? Er det mogeleg å pakke ut kristendomen på nytt, og nå inn til denne kjernen? Dersom svaret på spørsmåla i det første avsnittet ovanfor er eit ja, er det ikkje underleg at mange har snudd ryggen til den kristne tradisjonen. Dersom ein stiller seg open til spørsmåla i det andre avsnittet, derimot, kan ein koma ut med ein heilt annan konklusjon. Problemet, for den kristne tradisjonen, er at der er noko rett i båe innfallsvinklane. Og til tider har den livsfornektande, fordømande og kvinnefiendlege posisjonen vore så sterk at vi ikkje har fått auga på noko anna enn den. Og snudd ryggen til. No er det på tide å sjå litt grundigare etter. Her er starten på ei slik undersøking. Eg vil knyte denne undersøkinga til nokre grunnleggjande påstandar om den kristne tradisjonen. Desse påstandane er tilnærmingar; dei er innfallsvinklar, “briller” som vi kan ta på oss, når vi skal sjå kva kristendomen handlar om. Dei er altså ei fortolking av kristendomen, men like fullt ei fortolking med grunnlag i Bibelen og i tradisjonen elles. Seinare skal eg utdjupe fleire av desse påstandane. Kanskje blir du forundra når du les dette. Og det er kan hende berre bra? 1) I sentrum av kristendomen står ei hovudforteljing, fordelt på det gamle og det nye testamentet. Vi skal gå djupare inn i denne forteljinga seinare, men ho handlar kort fortalt om korleis Gud skaper verda; om korleis Adam og Eva blir drivne ut av Edens hage ved syndefallet og om Jesus Kristus som kjem til jorda for å lære mennesket om himmelriket, som det ber i sitt indre, utan å vera klar over det, og føre det til frelse gjennom si atterløysing. Med sitt liv, sin død og si oppstode viser Jesus Kristus mennesket vegen ut av den "falne" tilstanden. 2) Bibelen har mange delforteljingar, og fleire element i Bibelen har ein mytisk karakter, og kan ikkje sjåast som historiske fakta, som hendingar i jordisk tid. Andre element har preg av å vera historiske hendingar, som vi trur har skjedd. 3) Når delar av Bibelen har myte-preg, skal vi hugse på at myten har i seg potensialet til å hjelpe mennesket til ei djupare innsikt om seg sjølv og sitt eige liv, fordi den kan vera ei symbolsk framstilling av kvalitetar og prosessar i menneskets indre, individuelt og kollektivt. I dette liknar Bibelen på folkeeventyra. Og fleire forteljingar i Bibelen er, rett og slett, eventyr. Døme: forteljinga om profeten Jona. 4) Bibelen er ei samling med ei rekke heilage tekstar, men han er ikkje “ufeilbarleg”. Enkelte av Bibelens lærdomar er utdaterte, tilpassa den tid dei vart skrivne i. Dessutan er det motstridande utsegner i Bibelen. Difor er det heilt nødvendig å bruke skjønn når ein les. 5) Det finst “intuitive” måtar å lesa Bibeltekstar på, der teksten, gjerne eit kort utsnitt, blir nytta som eit springbrett inn til den indre visdom som bur i oss alle. Denne måten å lesa på, er kalla ‘lectio divina’, “å lesa med Gud”. 6) Mennesket Jesus, slik han kjem til oss gjennom dei fire evangelia i det nye testamentet, er ein opprørar, men ein fredeleg opprørar. Like fullt er dét han seier og gjer, til tider sjokkerande for mange rundt han. Han bryt med konvensjonar i si samtid. Ved sitt virke kjem han med ei lære om at alle menneske har verdi, og at det er menneskets indre kvalitetar som tel, ikkje ytre status. Han er i fortruleg samvær med spedalske og utstøytte, og han viser kvinner stor respekt – også noko som sjokkerer mange av hans samtidige. 7) Bøn, som er sett på som eit viktig verktøy i kristen praksis, handlar om å opne seg for Gud. Éin måte å be på, er utan ord og tankar, einast med intensjonen om å opne seg. I tillegg finst det faste bøner, så som Fadervår, eller spontane bøner, der mennesket t.d. bed for eit familiemedlem, eller for fred mellom menneska. Uansett korleis ein bed, vil intensjonen om å opne seg for Gud vera underliggande. 8) Livet er ein prosess der mennesket gradvis lèt seg forandre gjennom indre vekst og utvikling. Målet for denne utviklinga er å bli lik Gud, dvs. å la meir og meir av det Gud er, bli realisert i eins eige liv. Meisteren Jesus er eit føredøme i denne prosessen. 9) Til hjelp i denne prosessen med å opne seg for Gud, har vi òg tenking og tekstar som ikkje står i Bibelen, men som like fullt er delar av den samla kristne tradisjonen. Desse handlar bl.a. om kva det i praksis vil seia å opne seg for Gud, og kvafor endringar som skjer med den som gjer det – både i personens eiga oppleving og i andre personars oppleving av mennesket det gjeld. Framhald følgjer!
6 Comments
Så fint Stein,at du delar med deg og viser oss i dybda kva kristendommen og Gud handlar om!
Reply
Stein Versto
12/12/2015 03:41:16 am
Takk, det same, Ingfrid!
Reply
Eva Irene Berg
12/17/2015 04:16:27 am
Mange takk for det gode du deler med oss Stein. Så godt og sterkt når Ordet trer fram og blir levende kraft gjennom oss. Alt godt til deg og dine i denne juletid.
Reply
Stein Versto
12/18/2015 01:55:17 pm
Takk, Eva Irene og Erik, for tilbakemeldinga - og alt godt til dykk!
Reply
Kristin Holler Sørhus
1/8/2016 04:05:26 am
Takk for at du pakker ut kristendommen på nytt med dine ord, kunnskaper, erfaringer og levd liv.
Reply
Stein Versto
1/14/2016 07:38:22 am
Tusen takk for tilbakemeldinga, Kristin. Det er fint å sjå at folk som du set pris på dette. Alt godt, Stein
Reply
Leave a Reply. |
Details
Forfattaren
Forfattar og folkemusikar. Ordinert lærar og tradisjonsberar innan uavhengig, økumenisk-katolsk spiritualitet. Kan kontaktast via [email protected] Arkiv
April 2020
Emne |